Friday, January 11

Scream and shout

I tillegg til at eg har hatt litt hang up på den låta i det siste, så blei det ei skikkelig dramatisk oppvåkning i natt. Sånn halvvegs i eit mareritt får eg det for meg at ei rotte eller øgle har klatra inn vinduet, dett ned i senga vår og så vidare ned på golvet. Daniel våkner av at eg skrik, klatrer over han i senga og tryner på golvet. Til slutt kravlar eg meg heilt borterst i rommet, slutter å skrike og unngår akkurat å besvime. Daniel må ned på alle fire og leite etter skumle dyr under senga, men alt han finn er ein body lotion som har dette ned frå vinduskarmen, via senga og ned på golvet. Likevel var drømmen så virkelig at eg insisterer på å dobbeltsjekke under senga og riste dynene. Eg må slutte å lese skumle eller ubehagelige ting på senga. 

Apropos seng: 

Vi har endelig fått satt opp 1.40 senga på rommet! Den er ca tusen gangar bedre enn den forrige senga, og er veldig koselig å kunne sove saman igjen. Særlig når ein har mareritt feks. 

 Men some things gotta give no som Daniel også skal sove her. Slik som denne teater-plakaten.

 Ellers har vi vore og sett litt meir på potensielle bryllupsønsker.

Og ete vietnamesisk mat to gangar på ei veke! Dette er kanskje det aller, aller beste eg veit. Her hadde vi forøvrig nettopp vore på ei arkitektur/kunsthistorie-forelesing der det mellom anna blei snakka om korleis Allan Kaprow på 60-70 talet brukte syltetøy i performance-kunsten sin, slik som her: 


Interessant. Kanskje ikkje så aktuelt for arkitekturprosjekta til Daniel sånn i umiddelbar framtid, men men. 

Elles har eg lest ut Pride and Prejudice og angrar på at eg ikkje har lese den før. Som ein forlenging/kontrast til den såg eg ein episode av den tyske versjonen av the Bachelor. Lurer på kva slags figur Mr. Darcy ville gjort der. 

...og sjølv om starten på veka var ganske intervju-intensiv, så blir det ikkje noko avklaring på kva som skjer før i februar. I mellomtida blir det forhåpentligvis vikar-jobbing. Men først helg. 




No comments: