Saturday, January 5

Bagasje

Etter to veker juleferie med utskeiing kvar dag og dårlig trenings-samvittighet satte vi idag tidlig kursen tilbake til München med litt ekstra bagasje (av den typen som ein ikkje må betale overvekt for. Enda. Om bestemor får viljen sin bør det vere ei sjølvfølge at ein ikkje kun veg koffertar ved innsjekking). Men når vi endelig landa på flyplassen her, viste det seg at koffertane våre ikkje hadde fulgt med oss på reisa. Superkjipt. Særlig med tanke på alt vi har i dei - alt av fine julegaver, dei klea vi bruker mest, bøkene eg skulle lese i vår og lærar-bøkene eg tenkte å lese meg opp på snarast. Og kameraet til Daniel med alle bildene frå ferien!

Enn så lenge har vi kun nokre få iphonebilder frå jula:

 Slik såg ei avisforside ut på dommedag.
 Eg tok det ganske med ro heime med pakking og sakte, kjærlig koking av julegraut. Daniel kom etterkvart også heim og rakk tre timers søvn før den grytidlige flighten vår mot Sverige.
 Vi måtte vente ei stund på toget frå Arlanda til Linköping, og i mellomtida kom Daniel litt meir i svensk julestemning. Slik ser forresten 3 timers søvn i løpet av ein 48 timers førjulsinnspurt på TUM ut.
 Og slik både følte eg meg og såg eg ut (riktignok i fatbooth-kameraet til Martin) etter at første del av juleferien var overstått.
 Daniel derimot såg meir slik ut (framleis på besøk hos Martin og Guro). Bad/intens cop.
 Vi fekk Ipad til jul!
 Klarer vi å dele på denne uten å bli uvennar klarer vi alt. Og klarer eg å få med Daniel på å kun kjøpe kanin-ting framover, så..... Han blei ihvertfall med på å ta med desse vakre gåvene frå Rannveig tilbake til München, men no ligg dei i kofferten min, som ligg gøymt ein eller annan plass i airberlin sitt "system".
 Ein dag var vi på shopping. Planen var å kikke på interiør og kjøkkenting som vi kanskje vil ønske oss til bryllupet, men det var ikkje så lett å finne ting vi er enige om. Då var det greiare å sjå etter babygåver. Vi var heilt enige om at dette var ein kul, men ganske uaktuell gåve til tre små jenter på henholdsvis 6 dagar, 2 og 5 måneder.

Elna, Julia og Calea er forøvrig superskjønne og utløyser rasling i massevis
Og det har vore veldig (altfor, med tanke på at vi er 28 og 30 år:) behagelig å bu på Sagene. Film, fullt kjøleskap, lange, bedagelige morgonar, ny kaffimaskin, kattekos og denne utsikta frå kjøkkenvinduet.

Elles har dei ti dagane i Oslo flydd forbi og vore veldig, veldig koselige. Både kvalitet og kvantitet, familie, nesten-familie og venner. Så no føles det litt kjipt å komme tilbake til eit grått München, og byrje å planlegge eit jobbintervju på mandag utan kle, sminke, tannkrem, arka eg jobba med og printa i Oslo eller alle dei andre tinga eg tok for gitt at vi skulle kunne pakke ut av koffertane våre ikveld (sånn som salma og snøfrisk for eksempel). Det er først når ein mistar bagasjen at....tja, ein kan få bruk for tolmodighet og reiseforsikring?

No comments: