Friday, November 30

Library Girl

Idag skulle eg på eit vidareutdanningskurs for engelsklærarar om American Suburbia. Men då eg kom fram til Amerika Haus, viste det seg at seminaret var avlyst. Kjipt, særlig for dei av lærarane som hadde reist fleire hundre kilometer. Men aldri så dumt at det ikkje er godt for noko - særleg når eg berre kunne gå opp trappene og inn i biblioteket. Der kikka eg i ei fotobok om American Suburbia:

 Vill fest
 Neste gang eg er på jobbintervju og blir spurt om hobbyane mine skal eg ikkje bli svar skyldig.
 Hadde heile biblioteket for meg sjølv om drista meg til å ete eit eple
 Om berre all faglitteratur såg slik ut
Eg er forresten gått tom for julemarsipan. Heldigvis. Igår bytta eg liksågreit ut middag med Ritter Sport Yoghurt. Idag blir ein sukkerfri dag - den siste på lenge, sidan det er første desember imorgon og vi har ein julekalender å åpne :)

Daniel er forresten dratt til Basel i helga, og Dana er i byen for å fylle hans sko, sånn ca.

Monday, November 26

Bursdag

Ingvild hadde bursdag på lørdag! I den samanheng dro eg heim til Oslo for helga og feira to dagar til endes. Feiringa omfatta luksusfrukostar, jentekveld, shopping, familiekveld, tapas pg gaveåpning. 


Her etter ein massiv tapasmiddag på Escalon og kakebonanza heime.

Og her ein luksusfrukost.

Idag har eg loffa rundt i leiligheten i desse søte og praktiske små frå Tokyo:



Ellers rakk eg å smake fantastisk fiskesuppe + kjenne babyspark på Grünerløkka, lukte på baconpølser, drikke te og talk about .... mykje forskjellig på Ullevaal, og noko av det eg var mest spent på: prøve brudekjole, bestille brudekjole (takka vere Daniel sitt mastercard) og feire at enda ein bryllupsting er i boks.

Tuesday, November 20

Little Britain

Den siste veka har eg hatt litt hang-up på ting som ikkje er typisk tyske, men heller typisk engelske.

 Stem Ginger Shortbread!
 Two of my favourite things...
 Og ein annan favoritt førre veke: cafe bonbon - fritt etter Marta som blander condensed milk med espresso. Eg tar det eit par hakk vidare ved å blande det ut i en kopp med nescaffe instant gold. Litt som ein dessert.
 På lørdag kveld følte vi oss meir norske enn britiske, og eg lagde risengrynsgraut. Den blei superbra, og fekk til og med til pappa-graut på botnen.
 Så åt vi graut på rommet til Daniel, og etterpå bygde vi delar av modellen hans saman. Mi første erfaring som arkitektstudent-assistent.
Etter at bygginga var ferdig feira vi med rødvin i melkeglas og Käsebällchen.

Men Søndag var enda meir britisk. Då blei eg med Daniel til TUM med kvar vår skoeske full av modular til modellen, som vi måtte vere ganske forsiktige med. Som plaster på såret/fordi det var billigare enn å ta taxi aleine med begge eskene, spanderte Daniel te og kake på meg på min favoritt te og kake-kjede; the Victorian Teahouse. Denne gangen testa eg den i Türkerstrasse og åt yndlingskaka mi: Mascarpone- og rabarbraterte. Og medan eg satt der las eg ut Flush av Virginia Woolf på Kindle'n min. Superbritisk indeed. No har eg byrja på Watership Down av Richard Adams, som handlar om kaniner, ikkje ein hund, mer er framleis veldig britisk. Ja, og så prøver eg å finne ein jobb. Det går sånn passe.

Thursday, November 15

Kokowääh

Igår satt eg på Mediatheket på Goethe Instituttet, las poesi og kikka på Lebenslaufet mitt då eg fekk melding frå Daniel som var ferdig på TUM for dagen. Så vi møttes og hadde ein ettermiddagsdate rundt Sendlinger Tor.

 Vi fann ein interiørbutikk med masse fint, behagelig og dyrt.

 Litt som å vere på eit slott

 Så fann vi plutseleg ein vegetarkafe/restaurant som eg har lest ein del om langs veien, og bestilte kvart vårt kakestykke. Gode, men sinnsjukt mektige kaker.
 Og fin restaurant
 Så kikka vi litt etter vinterkle til Daniel. Ikkje så lett å finne skinnlue i rett størrelse.
For skikkelig kalde dagar: alien-jacket!

Ellers kikka vi innom den nyaste og mest hypa butikken i München - Abercrombie Fitch. Hadde aldri vore inne på ein før og hovedinntrykket vi sit igjen med er: sterk parfymelukt, nattklubb-belysning og lydnivå, smilande ansatte som heng rundt og seier "Hey guys, what's up" til alle som kjem forbi + ganske trashy kle. Takk, men nei takk.

Idag har eg skrive ferdig Initiativbewerbungen min + sett "Kokowääh" og begynte å grine av slutten.

Wednesday, November 14

Heilt piano

Ingela og Bjørn har vore på besøk i helga. Og sjølv om dagane med besøk gjekk styggfort, tok vi det ganske rolig (piano) likevel. Helga begynte forresten med piano også - på baren ved resepsjonen på Torbräu Hotel var det live musikk ved ein gråhåra pianist med ein forkjærlighet for, tja, "We are the Champions" i alle fall.


 På lørdag morgon pakka vi ein bag (med kle til kveldens restaurantmiddag), og tok S-Bahnen til Isartor.
Så gjekk og trikka vi østover, over Isar, til Villa Stuck. Der var det ei superfin utstilling av kunstsamlinga til Gunter Sachs (som Ingela forøvrig hugsa frå eit svensk vekeblad på 70-tallet, poserande med sin stygge conehead-baby), med Andy Warhol, Dali, Margritte osv. 
 Deretter gjekk vi inn i romma med den faste utstillinga, med bileta til Franz von Stuck
 Som ser litt skummel ut på sjølvportrettet her.

 På veg nedover mot sentrum igjen kom vi forbi ein frisør med yndlingsshampoen til Ingela og Bjørn
Og etter litt leiting fann vi ein lunchplass - ein pitteliten italiensk restaurant ved Max Weber Platz. Her viser Ingela oss Oscar som drikk frå springen (på iphone5)
På trikken i retning Viktualienmarkt
 Vakker juletrepynt på Butlers i Schrannenhalle.

 Meir julepynt ute på Viktualienmarkt

....og så eit obligatorisk besøk på Dallmayr
 På Terrine - fantastisk bra restaurant!
Vinen i vinglasa til Ingela varte litt lenger enn i glasa våre. Måltidet var supergodt, sjølv om kombinasjonen av oliven og sjokolade i desserten var litt ekstra interessant.
 Søndag morgon i retro-metro på veg til
 Alte Pinakothek
 på veg opp trappene
 Og rundt i eit museum som trass i søndagsprisen (1 euro per pers), ikkje var overfylt.


 Den evige student....
 Ferdig med andre etasje og på veg ned til
 Den engelske kafeen i første etasje
 Mor og sønn

Ingela og Bjørn
 som snart skal feire 20års-jubileum!
 Og vi snart 4 (!).
 Men i mellomtida ventar vi på mat
 Daniel ventar på ein litt skuffande BLT, medan vi andre venta på:
 Kake! Arikos og mandel, kirsch (som uttales ca som Quiche, og dermed endte vi opp med ein ekstra quiche) og banoffie.
På veg tilbake til hotellet for litt søndags-avslapping.
 På trikken mot Oberföhring.
 På ein supertysk restaurant (sjekk den supertyske dama til venstre)
 creme brulee-"båt" til dessert, etter ein litt treig middag.
men sorbeten til Ingela var ihvertfall bra. Og middagen på stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt neste dag var hakket bedre.

Og på mandag kveld var vi på Muse! 


Min yndlingsdel av konserten: "Fallin Down" - særlig den strofa der Bellamy syng "and fifteen thousand people scream", og dei i publikum som har hørt den første plata svarer på tiltale.