Idag skulle eg på eit vidareutdanningskurs for engelsklærarar om American Suburbia. Men då eg kom fram til Amerika Haus, viste det seg at seminaret var avlyst. Kjipt, særlig for dei av lærarane som hadde reist fleire hundre kilometer. Men aldri så dumt at det ikkje er godt for noko - særleg når eg berre kunne gå opp trappene og inn i biblioteket. Der kikka eg i ei fotobok om American Suburbia:
Vill fest
Neste gang eg er på jobbintervju og blir spurt om hobbyane mine skal eg ikkje bli svar skyldig.
Hadde heile biblioteket for meg sjølv om drista meg til å ete eit eple
Om berre all faglitteratur såg slik ut
Eg er forresten gått tom for julemarsipan. Heldigvis. Igår bytta eg liksågreit ut middag med Ritter Sport Yoghurt. Idag blir ein sukkerfri dag - den siste på lenge, sidan det er første desember imorgon og vi har ein julekalender å åpne :)
Daniel er forresten dratt til Basel i helga, og Dana er i byen for å fylle hans sko, sånn ca.





No comments:
Post a Comment