Sunday, December 2

Når Daniel er i Basel

.....kunne Dana og eg dansa på bordet, men etter ein lang lørdag med mykje god mat og drikke blei det ikkje så mykje dansing, for ikkje å snakke om klatring opp på bordet.

Først blei det shoppa.

 Blant anna på ein superfancy butikk med mange superstygge kle, med denne sølvfarga catsuiten som eit tvilsomt unntak
 Endelig lunch etter fleire timer geriljashopping på tom mage.
 Øl og pretlz på Zum Augustiner, blant ca tusen vorsande Bayern München-supportarar (vi møtte ein gjeng på vei inn dit, og allereie i veldig godt og høglydt humør klokka 09.30, mens dagens kamp ikkje var før 18.30. Eit langt vorspiel mao).

 Etter ein liten pause på hotellet dro vi ut igjen for å teste ut Weihnachtsmarkt og Glühwein. Først prøvde vi Rotes Glühwein i små, blå koppar.

 Deretter tok vi koppane våre med bort til utstillingsvinduet til Beathe Uhse. Pisk, parykk og Fifty Shades of Grey. Kinky indeed.
 Med tredje Glühwein-kopp og dertilhøyrande godt humør i eit varmt og godt luksus-kjøpesenter. Deretter dro vi ut til middag. Rimelig gourmet beståande av tunfisktartar, hjortefilet og sampling av creme brule og sjokoladefondant. Nam! Deretter tipsa den litt kleine kelneren vår oss om ein bra plass for coctails.
 Vel framme på coctailbaren etter ein strabasiøs og superkald gåtur.
 Moscow mule + ein slags gin & tonic med basilikumsmak.
 Men først etter at vi hadde bestilt drinkar oppdaga vi denne knappen på veggen. Superfristande!
Men ein drink var heilt passe etter ein lang dag, og sjølv om baren var koselig, gjekk det ikkje så veldig lang tid før vi dro tilbake til hotellet.

Idag har vore ein litt sløv dagen derpå. Eg har sagt hadet til Dana og deretter ete ein spansk/portugisisk førjulsmiddag i Schwabing. No venner eg meg til rommet i studentheimen igjen etter ei helg på hotell og venter på at Daniel, som har dratt direkte frå Basel og flyplassen her i München til TUM for å forbrede morgondagens presentasjon, skal komme heim og opne dei to første lukene i adventkalenderen saman med meg.

No comments: