Dagane flyr avgårde. Heile veker forsvinn i jobbing og plutseleg er det helg igjen. Det er føles litt skummelt, men mest deilig. Får ikkje gjort noko skulearbeid når eg kjem heim. Det eg derimot får gjort er å lage suppe (gårsdagens var mitt aller beste forsøk på å lage Bestemors blomkålsuppe + Parmesan), henge med Martin og lagt med tidlig.
Gler meg til helga. Skal shoppe, drikke, ete 4-retters og danse. Oslo er digg.
Friday, November 28
Monday, November 24
Aw C'mon No, You C'mon
Eg har hatt beste helga på lenge. Den byrja med ein fantastisk kveld på Pigalle med Tuva og endte med herlig Lambchop på Chateau Neuf. I mellomtida rakk eg å shoppe, ete biffmiddag hos Ingvild, vorse med Tuva og Kirsten, dra på fru Hagen og Blå, torturere føtta mine med høge helar, trene, ete sushi, drikke te og smile :)
Ting eg derimot ikkje rakk var å lese, rydde, vaske eller lage mat.
Men Oslo er deilig og Lambchop passer perfekt til kalde vinterdagar. Og snart er det jul....!
Ting eg derimot ikkje rakk var å lese, rydde, vaske eller lage mat.
Men Oslo er deilig og Lambchop passer perfekt til kalde vinterdagar. Og snart er det jul....!
Monday, November 17
Sunnmørsblues
Eg har vore i Volda i helga (høgskulen i Volda brukar forresten ikkje forkoringa hiv, men heller hivolda, pussig nok). Mamma har nettopp flytta inn i sitt nye hus og saman har vi gjort veggane litt mindre nakne. Dessuten har eg vaska trapp, hørt på Julefergå-soundtrack, gått tur, besøkt ei verna bedrift(aka Felleskjøpet. Makan til sure og sløve sunnmøringar), drukke rødvin og ete god mat. Det einaste som virkelig manglar i huset er ein hund :(
Likevel var det ikkje så kjipt å vende tilbake til Oslo. Eg nådde akkurat 11-trikken og heime i Stolmakergata hadde Martin og Guro laga skillingsbollar og skulebrød. Deilig å sovne til lyden av søndags-Blå og lukta av bakverk.

Wednesday, November 12
A Certain Romance
Høgdepunktet frå Bonderomantikk igår:
Nå blir det andre boller, sa bakeren og dreit i deigen.
Dei udødelige orda blei uttalt av ein ikkje-akkurat-skarpaste-kniven-i-skuffen-fyr. Ubetalelig.
Nå blir det andre boller, sa bakeren og dreit i deigen.
Dei udødelige orda blei uttalt av ein ikkje-akkurat-skarpaste-kniven-i-skuffen-fyr. Ubetalelig.
Monday, November 10
Sunday, November 9
Popcorn og appelsinjuice - all shook up
Eg var på julebord på fredag. Det var veldig kjekt. Mat drikke, samtale, kompliment, dans og generell hygge. Morgonen etter var mindre hyggelig. Var temmelig uggen då eg våkna, og formen blei stadig dårligare utover morgonen. Seminarrommet låg altfor langt unna toalettet og dermed nådde eg ikkje heilt fram. Dei stakkars reinhandsansvarlige må ha forbanna vegg-til-vegg teppet...
Det var nok ei blanding av fyllesjuke og omgangssjuke. Kjipt. Men ellers har helga vore fin. Kvalitetstid med meg sjølv og med Ingvild. Og idag: lam & rødvin. <3
Thursday, November 6
Delicate Hands
Plutseleg, i løpet av ein stk bursdag, har eg gått frå 0 par hanskar til tre par. Bursdagen min var skikkelig bra. Dagen byrja med te, ostesmørbrød, glis og Obamas seierstale på CNN. Arbeidsdagen gjekk kjapt og var full av gratulasjonar. Etterpå ordna eg på kjøkkenet, fekk besøk av min kjære Ingvild, drakk musserande, åt sjokolade frå sjokoladebutikken på Galleriet(kanskje det eg saknar mest med Bergen) og fekk besøk. Bordet var fullt av tapas, rødvisglas og omringa av elskverdige folk og deilige samtaleemne. Beste bursdag på lenge :)
Ikveld, kvelden derpå, sit eg med min første Assignment i engelsk litteratur. Det kjennest skikkelig bra å tenke, skrive, leite, delete og telle ord. Dessutan tar eg fotbad, drikk Martin sin smoothie, høyrer på min nye yndlingslåt: Echo & the Bunnymen - My Kingdom og gler meg til å legge meg nydusja i nyvaska, tynnslitt og typisk-Bergen-sengetøy. Og imårra skal eg på julebord og hotellovernatting........skandale?

Monday, November 3
Sushi
Paris har vore annleis denne gangen. Mest av alt fordi Ida har hatt ein form for omgangssjuke, men også litt fordi eg har ete sushi til middag kvar dag. Nam!
Helga har på mange måtar vore terapeutisk. Igår var vi på Pompidoumuseet og idag skal vi i svømmehall. Elles har den gode samtale stått i sentrum og dreia seg om kjærleik, amerikansk politikk, finanskrise, kulturelle klasseskille og ost.
Ikveld flyr eg heim til Oslo, men Paris - au revoir :)

Subscribe to:
Posts (Atom)