Thursday, March 24

Luksusfellen

Idag tidlig åt eg og Daniel frukost på sofaen mens vi såg gårsdagens episode av Luksusfellen. Alt som det pleier, når ingen av oss MÅ vere nokon plass klokka ni. Uansett. Vi satt og smålo av ho Bergensdama som var såpass sein med å betale strømregning at ho sto i fare for at strømmen skulle bli slått av. Plutselig blir skjermen svart, og vi kjem på at vi ikkje har betalt Get-regninga....

Saturday, March 19

Surprise!

Rannveig fylte 29 for ei stund sidan. Eg og Tuva tenkte vi ville overraske ho med ein forsinka bursdagsdate, og fortalte ho at det blei ei tredelt greie, som skulle begynne på Vinnys Kebab like ved Gunerius. Ho trudde nok det var meir ein køddete plass å møtes, så blei litt overraska då vi faktisk åt der (første falafel på altfor lenge). Deretter gjekk vi vidare og inn på Oslo Plaza, og tok heisen opp til den rullestol-frie sona i skybaren. Her tok vi nokre mislykka bilder:



Og så dro vi vidare til Rockefeller og såg Bo Kaspers Orkester. Koselig og ganske oppløftande å sjå alle dei gamle ektepara som oppførte seg som nyforelska kjærestepar. Gammal kjærleik rustar ikkje alltid.

Thursday, March 17

Skrivesperre

Eg har følt litt på det dei siste dagane. Føler eg går meg litt vill i det eg skreiv for eit halvt år sidan og dei tinga eg har skrive dei siste vekene. Det er vanskelig å disponere, argumentere og skrive. Eg prøver å sjølvmedisinere med te og snop. Siste forsøk no var ein Troika, og den virka faktisk. Pittelitt.

Ellers prøver vi å bur-trene Luna.
Idag fekk ho ein beinmarg-bit
Great success.


Luna med punkersveis

Tuesday, March 15

Karma Police

Eg og Daniel var og såg True Grit (kjempebra, men var heilt uforberedt på slangescena...) på Colosseum søndag, og det var masse Spice-medarbeiderar der som delte ut gavekort ved inngangen. Rett før filmen skulle til å starte stilte dei seg framfor skjermen med mikrofon og ville lese opp heldige vinnerar av litt større gavekort. Vi var ikkje så begeistra for meir reklamepjatt og Daniel mumla "Dø", men så, som eit utslag av freaky karma, blei vi ropt opp som vinnerar av dette:
Så dermed blei det middag på døra igår.
Andreas med dagens. Ganske ræva mat, kan ikkje skjønne at folk vil betale 700kr for slikt. Når det er gratis går det til nøds.
Luna ser på utsikten
Og koser seg i morgonsola
Andreas er like morgonfrisk og energisk som vanlig
Og Luna er blitt skikkelig pappajente i det siste
<3

Og eg er igang med å bearbeide kapittel 1. Eller, igang og igang. Merker at eg går meg vill i stoffet, ikkje klarer å strukturere teksten eller tida mi.
Vil berre søke jobbar, ete sjokolade og dagdrøyme om påska.

Saturday, March 12

Venter på vår

Denne veka var eg på ski for det som kanskje blir siste gang denne vinteren. Tryna og slo hodet på veg til Kobberhaughytta, og har vore litt pinglete sidan. Så no ventar eg kun på at det skal bli vår, New York og ferdigskriven master.
Mamma var på besøk nokre dagar denne veka og, og lagde ein av barndomsmatminna våre: lever med potetmos og gulerøtter. Luna fekk litt lever blanda med tørrforet sitt og flytta matskåla halvvegs over kjøkkengolvet.
Yogi says relax.
Så eg tok tekoppen med ut på verandaen for første gang i år.
Sol og blå himmel!
Og ned-isa blomsterkasse.
Martin, Guro og Ben kom innom for å hente med seg Luna
Litt deilig med hundefri ein lørdagskveld

Fekk forresten levert kapittel nummer tre igår. Berre to veker etter at eg hadde tenkt å levere det :P Så no må eg vere superflink dei neste vekene. For å ha eit fullstendig utkast av oppgåva klar i slutten av måneden. Gægigigægæ.

Monday, March 7

Fastelaven

Andreas var ganske skutt etter skituren igår
Daniel og, etter telting i minusgrader og lite søvn
Eg vekka dei med fastelavensbollar, med marsipanfyll under kremen...
Og sidan det blei nokre bollar for mange, og at forrige veke var eit einaste langt snack attack, så skal eg prøve å holde meg heilt unna søte ting fram til lørdag. Andreas spurte meg om eg ville ha ein av desse:
og den eg plukka ut hadde ein ganske treffande beskjed.

Saturday, March 5

Bursdagsfeiring x 2

Andreas fylte 21 på torsdag, og Daniel fylte 29 på fredag. Dermed har det blitt nokre tidlige morgonar med bursdagsfrokost og bursdagssang.
Bursdagsbarn nummer ein
Luna liker bursdag, og snart skal vi feire 2-årsdagen hennas
Bursdagsbarn nummer to, som noko motvillig stryk skjorter

Og så åt vi bursdagsmiddag på Le Canard!
God stemning og ditto mat & vin.

Ikveld skal Daniel ut i marka og eg blir lavo-i-holmenkollen-enke.
Skal prøve å vere flink jente og jobbe med skule. Og lade opp til baking imårra....