Saturday, March 12

Venter på vår

Denne veka var eg på ski for det som kanskje blir siste gang denne vinteren. Tryna og slo hodet på veg til Kobberhaughytta, og har vore litt pinglete sidan. Så no ventar eg kun på at det skal bli vår, New York og ferdigskriven master.
Mamma var på besøk nokre dagar denne veka og, og lagde ein av barndomsmatminna våre: lever med potetmos og gulerøtter. Luna fekk litt lever blanda med tørrforet sitt og flytta matskåla halvvegs over kjøkkengolvet.
Yogi says relax.
Så eg tok tekoppen med ut på verandaen for første gang i år.
Sol og blå himmel!
Og ned-isa blomsterkasse.
Martin, Guro og Ben kom innom for å hente med seg Luna
Litt deilig med hundefri ein lørdagskveld

Fekk forresten levert kapittel nummer tre igår. Berre to veker etter at eg hadde tenkt å levere det :P Så no må eg vere superflink dei neste vekene. For å ha eit fullstendig utkast av oppgåva klar i slutten av måneden. Gægigigægæ.

No comments: