Eg og Daniel var og såg True Grit (kjempebra, men var heilt uforberedt på slangescena...) på Colosseum søndag, og det var masse Spice-medarbeiderar der som delte ut gavekort ved inngangen. Rett før filmen skulle til å starte stilte dei seg framfor skjermen med mikrofon og ville lese opp heldige vinnerar av litt større gavekort. Vi var ikkje så begeistra for meir reklamepjatt og Daniel mumla "Dø", men så, som eit utslag av freaky karma, blei vi ropt opp som vinnerar av dette:

Så dermed blei det middag på døra igår.

Andreas med dagens. Ganske ræva mat, kan ikkje skjønne at folk vil betale 700kr for slikt. Når det er gratis går det til nøds.

Luna ser på utsikten

Og koser seg i morgonsola

Andreas er like morgonfrisk og energisk som vanlig

Og Luna er blitt skikkelig pappajente i det siste

<3
Og eg er igang med å bearbeide kapittel 1. Eller, igang og igang. Merker at eg går meg vill i stoffet, ikkje klarer å strukturere teksten eller tida mi.
Vil berre søke jobbar, ete sjokolade og dagdrøyme om påska.
No comments:
Post a Comment