Tuesday, November 20

Little Britain

Den siste veka har eg hatt litt hang-up på ting som ikkje er typisk tyske, men heller typisk engelske.

 Stem Ginger Shortbread!
 Two of my favourite things...
 Og ein annan favoritt førre veke: cafe bonbon - fritt etter Marta som blander condensed milk med espresso. Eg tar det eit par hakk vidare ved å blande det ut i en kopp med nescaffe instant gold. Litt som ein dessert.
 På lørdag kveld følte vi oss meir norske enn britiske, og eg lagde risengrynsgraut. Den blei superbra, og fekk til og med til pappa-graut på botnen.
 Så åt vi graut på rommet til Daniel, og etterpå bygde vi delar av modellen hans saman. Mi første erfaring som arkitektstudent-assistent.
Etter at bygginga var ferdig feira vi med rødvin i melkeglas og Käsebällchen.

Men Søndag var enda meir britisk. Då blei eg med Daniel til TUM med kvar vår skoeske full av modular til modellen, som vi måtte vere ganske forsiktige med. Som plaster på såret/fordi det var billigare enn å ta taxi aleine med begge eskene, spanderte Daniel te og kake på meg på min favoritt te og kake-kjede; the Victorian Teahouse. Denne gangen testa eg den i Türkerstrasse og åt yndlingskaka mi: Mascarpone- og rabarbraterte. Og medan eg satt der las eg ut Flush av Virginia Woolf på Kindle'n min. Superbritisk indeed. No har eg byrja på Watership Down av Richard Adams, som handlar om kaniner, ikkje ein hund, mer er framleis veldig britisk. Ja, og så prøver eg å finne ein jobb. Det går sånn passe.

No comments: