Wednesday, November 14

Heilt piano

Ingela og Bjørn har vore på besøk i helga. Og sjølv om dagane med besøk gjekk styggfort, tok vi det ganske rolig (piano) likevel. Helga begynte forresten med piano også - på baren ved resepsjonen på Torbräu Hotel var det live musikk ved ein gråhåra pianist med ein forkjærlighet for, tja, "We are the Champions" i alle fall.


 På lørdag morgon pakka vi ein bag (med kle til kveldens restaurantmiddag), og tok S-Bahnen til Isartor.
Så gjekk og trikka vi østover, over Isar, til Villa Stuck. Der var det ei superfin utstilling av kunstsamlinga til Gunter Sachs (som Ingela forøvrig hugsa frå eit svensk vekeblad på 70-tallet, poserande med sin stygge conehead-baby), med Andy Warhol, Dali, Margritte osv. 
 Deretter gjekk vi inn i romma med den faste utstillinga, med bileta til Franz von Stuck
 Som ser litt skummel ut på sjølvportrettet her.

 På veg nedover mot sentrum igjen kom vi forbi ein frisør med yndlingsshampoen til Ingela og Bjørn
Og etter litt leiting fann vi ein lunchplass - ein pitteliten italiensk restaurant ved Max Weber Platz. Her viser Ingela oss Oscar som drikk frå springen (på iphone5)
På trikken i retning Viktualienmarkt
 Vakker juletrepynt på Butlers i Schrannenhalle.

 Meir julepynt ute på Viktualienmarkt

....og så eit obligatorisk besøk på Dallmayr
 På Terrine - fantastisk bra restaurant!
Vinen i vinglasa til Ingela varte litt lenger enn i glasa våre. Måltidet var supergodt, sjølv om kombinasjonen av oliven og sjokolade i desserten var litt ekstra interessant.
 Søndag morgon i retro-metro på veg til
 Alte Pinakothek
 på veg opp trappene
 Og rundt i eit museum som trass i søndagsprisen (1 euro per pers), ikkje var overfylt.


 Den evige student....
 Ferdig med andre etasje og på veg ned til
 Den engelske kafeen i første etasje
 Mor og sønn

Ingela og Bjørn
 som snart skal feire 20års-jubileum!
 Og vi snart 4 (!).
 Men i mellomtida ventar vi på mat
 Daniel ventar på ein litt skuffande BLT, medan vi andre venta på:
 Kake! Arikos og mandel, kirsch (som uttales ca som Quiche, og dermed endte vi opp med ein ekstra quiche) og banoffie.
På veg tilbake til hotellet for litt søndags-avslapping.
 På trikken mot Oberföhring.
 På ein supertysk restaurant (sjekk den supertyske dama til venstre)
 creme brulee-"båt" til dessert, etter ein litt treig middag.
men sorbeten til Ingela var ihvertfall bra. Og middagen på stamrestauranten vår ved Viktualienmarkt neste dag var hakket bedre.

Og på mandag kveld var vi på Muse! 


Min yndlingsdel av konserten: "Fallin Down" - særlig den strofa der Bellamy syng "and fifteen thousand people scream", og dei i publikum som har hørt den første plata svarer på tiltale. 

No comments: