Sunday, January 27

Podcast

I det siste har eg virkelig fått augene opp for podcasts. Lenge var Radioresepsjonen ca den einaste podcasten eg visste om, men i det siste har eg lasta ned mange forskjellige, stort sett med litteratur eller mat som tema. Igårkveld gjekk eg heim frå trening i kulda og hørte på ein podcast der det blei sagt følgande om hot buttered rum: "well, we have a very limited amount of time in the year when we have an excuse to drink butter....". Neste jul altså.

Ellers er World Book Club og The New Yorker også kjempegode unnskyldningar for å gå lange turar rundt omkring i Pasing parken. No går eg meg nesten ikkje vill der lenger.

 Fint enten det er sol
 Eller ikkje.

 På turane ser eg også mange koselige hundar, men få er så påkledd som denne (spotta av Daniel på Hauptbahnhof)
På onsdag var vi på Daniels siste forelesing dette semesteret og etterpå åt vi denne giga-lunchen. Hadde Womanizer på hjernen, berre bytta ut womanizer med carnivore.
 Ellers har vi nettopp oppdaga ein ny guilty pleasure: vanillekrapfen, som vi finn på fleire bakeri her i tida fram mot/i Fasching.



Og igår ville eg prøve å gjere det vesle eg ser av Daniel for tida til ekte kvalitetstid, så eg lot han sove til 14.00 (han kom heim frå TU klokka 07.30), for så å servere valnøttbrød med eggerøre og sprøstekt chorizo. På senga  - Daniel våkner/gøymer seg under dyna.

No comments: