Thursday, February 7

Freaky February

Dei siste vekene har vore ganske kontrastfylte. Dei siste dagane har eg hørt på Midlake-plata"The Trials of Van Occupanther" + Desert Island Discs podcastar. Eg har lese ein blanding av trashy new-adult fiction og klassikarar. Og hatt ein livstil som har variert frå sunn mat og trening til late kveldar der sunn middag eller kvelds blir bytta ut med dette:

 Marmorkuchen i sjokoladepudding er vel ca det samme som smør på flesk, berre mykje diggare.
 Lite innblikk frå livet på salen til Daniel. Nokon i klassen fekk tak i miniatyrmenneske til modellane som ikkje fall heilt i smak hos alle lærarane (berre hos dei mannlige).

Daniel blei forøvrig idag ferdig med fem av seks fag. No gjenstår berre ei skriftlig innlevering og muntlig eksamen i slutten av måneden og så er det fri!

 Apropos fri: Forrige veke jobba eg fire av fem dagar, men denne veka har det ikkje vore nokon arbeidsdagar, etter at eg sa nei takk til ein arbeidsdag på barneskulen på mandagen.
 Det har derimot vore sol, snø og fleire turar i parken.
 Det har også blitt ein del av min nye yndlingsfrukost/brunch/lunch: Bananpannekaker. Einaste ingrediensen som ikkje er med på bildet er mjøl. Har lest om bananpannekaker på bloggar, facebook og instagram, men der alle andre lagar dei med kun to ingrediensar (banan og egg) og nevner at røra kan vere litt vanskelig å få ut av panna, så tenkte eg at at kjøkkenutstyret her på studentheimen krever litt meir handterlig røre.
 Og dette er den steikepanna som er i best forfatning. Gler meg stadig meir til å flytte heim til vårt eige kjøkken.
 Nevnte eg at det er snø her?

I tillegg til å stadig hamstre tyske blad, aviser og bøker fann eg desse filmane på tilbud hos Hugendubel denne veka. Tysklærar-ressursbanken er i stadig vekst.

Og det kan godt hende det blir meir lesing av bøker og blad i papirformat framover siden Daniel har oppdaga Ipaden for alvor, og no vil ta igjen den tapte pad-tida frå semesterinnspurten.
Men på tross av delt Ipad er vi framleis gode venner og har det bra (!).

No comments: