Monday, February 11

Sjuk og stolt, eventuelt sjukt stolt

Idag er eg sjuk for første gang på lenge. Feber, hodepine, kvalme og alt som høyrer med. Heldigvis er Daniel superflink kjæreste og kjem heim frå skulen med dette:


Litt meir luksus enn eg er vant med heimeifrå når eg har vore sjuk (som har vore ca aldri)
Meir kjærestepoeng: plutseleg ser eg den nye skrivebordsbakgrunnen Daniel har installert på mac'en min.

 And now to something completely different: det er framleis Krapfen-sesong her nede og på fredag testa vi schoko-banan. Heilt ok men kan ikkje måle seg med vanillekrapfen.
 Mykje seinare på fredagen/tidlig på lørdagen forlot vi ein slags arkitektfest, og sa hadet til desse tre i trappa.
 Etter ein forståelig nok veldig rolig lørdag var vi litt meir aktive på søndagen. Tok S-Bahnen og trikken til Pinakothek der Moderne, som straks stenger for 7 måneders oppussing.
 Excited.
 Førsteinntrykk av designavdelinga
 Hylleinspirasjon til stua vår?
 Giftering inspirasjon? Det var ihvertfall mykje forskjellig å sjå i accesories/smykke-avdelinga.
 Sånn som dette smykket
 Eller dette.
 + Vakre maleri
Ca slik eg føler meg idag.
 Magritte <3 p="">
Nesten obligatorisk når vi er på eitt av Pinakotheka: Kaffe & Kuchen i kafeen på Alte Pinakothek. Daniel gjekk for Banoffie pie, medan eg blei ganske skuffa over mitt stykke ginger and coffee-cake.


Idag er eg ikkje berre sjuk men også sjukt stolt kjæreste: Daniel har nemlig fått ein 1.3, eller A, i hovedemnet sitt dette semesteret - veldig velfortjent etter alle dei søvnløse nettene! 

2 comments:

Mari Oline said...

Åååh.. Koselig med sussemus(maus)-godteri :D
Grattis med A Daniel!

Hanna said...

Ikkje sant? Supersweet :) Skal hilse og sei takk.