Monday, February 18

Nürnberg

På lørdag testa vi endelig Bayernticket for første gang. Vi sto opp ganske tidlig og dro til Hauptbahnhof

Tok ein trøtt kopp kaffi og te medan vi venta på at toget vårt til Nürnberg. Og to timar seinare:

Sekt-frukost på kafeen på Litteraturhuset i Nürnberg
Daniel forsøker å dekode språket i avisa
og så kom frokosten vår. Heilt ok, men kanskje ikkje heilt verdt å vente på (kelneren blanda bestillingane og vi måtte vente lenge).
Etter frokosten tok vi trikken til Dokumentationszentrum der vi gjekk rundt i eit par timar og hørte, leste og såg alt vi allereie visste + alt vi ikkje visste om Hitler, NSDAP, Reichsparteitage og krigen.
Ganske vilt at dette var førsteklassingar sitt møte med teikning og skriving.
Massivt stadion-aktig bygg.
Litt metta på informasjon og inntrykk etterpå
Så vi dro inn igjen til sentrum og gamlebyen.
Prøver å finne ut kor vi er og kor vi skal i Rough Guide
prøver å skyndte meg ut av kameralinsa til Daniel
Det var nydelig rundt elva

Og for første gang her nede: vi bestiller begge pølse til middag. Nürnberger Bratwürstle med bretzl, sennep, sauerkraut og potetsalat. Og Weissbier.
Etterpå gjekk vi oppoverbakke til festningen
Der vi fekk utsikt over heile byen, sjølv i det grå lørdagsveret.
Vel nede igjen såg vi ei kyrkje til
 Og etter kaffe og kuchen gjekk vi rundt og shoppa litt i skumringa
 Kikka litt på interiør
 Og på Nürnberg by night
 her: operaen
 Plutselig fann vi ein British Store!
 Eg kjøpte denne, Daniel kjøpte Walkers mature cheddar and onion chips og Newcastle Brown Ale (eg fekk også litt av førstnevnte.
Og alt takka vere Bayern-Ticket. Heilt fantastisk bra tilbud! For ein person betaler du 22 euro. Dersom fleire reiser saman betaler ein kun 4 euro ekstra per person, og det for opptil 5 personar! Og med denne billetten kan ein reise kor ein vil i Bayern mellom 00.00 og 03.00 neste dag.
Needless to say (med Alan Partridge-stemme) så kjem vi til å benytte oss meir av dette i tida framover. Augsburg, Regensburg, Ingolstadt og Ulm står blant anna på ønskelista.

No comments: