Friday, March 26

Hektisk

Endelig ferdig med eit skikkeleg half assed førsteutkast til semesteroppgave. 10 sider med mykje blabla. Akkurat den mengda eg satsa på, og sånn ca akkurat den kvaliteten eg var redd for. Og dessuten har eg vore hos tannlegen to gangar på tre dagar, borra eitt hol, fått vite om nokre til og betalt nesten 2000kr.
Men no er det ferie. Påskeferie. I 9 dagar. I Japan.
Snakka nettopp med pappa, som lurte på om vi tenkte å gå mykje i fjellet. Ser det ikkje heilt for meg, men dagdrømmer om å sjå Mount Fuji. Og gler meg som ein unge til å ta tog, sjå, høyre, smake og undre meg. Men mellom meg og mi Sofia Coppolaesque oppleving står ein grusomt lang flytur. Med støttestrømper på.

*Lars Vaular - Rett opp og ned*

No comments: