Monday, March 29

1 år

Idag er vår første heile dag i Tokyo og vi er i elsk med byen :)
Igår var vi slitne, forvirra, lost, sultne, mette og la oss tidleg.
Men idag er ein ny og bedre dag. Først åt vi frokost i 33. etage, deretter bar det ut i byen. Metroen her er kjempebra, så vi tok først banen til Shibuya. Der fekk vi skikkelig Tokyo-kjensle, med sega-land, svære skjermar, masse lys og masse folk. Vi shoppa litt på Loft, der vi fann alt på skalaen frå totalt unyttig til genialt nyttig. Skulle ønske vi hadde fleire koffertar og meir pengar. Skulle også ønske at vi hadde råd til å kjøpe og leve etter det som er anbefalt i Michelin-guiden til Tokyo. Det får bli neste gang vi er her, eller meir sansynlig in our dreams. Uansett, derifrå gjekk vi vidare til Harajuku, ein bydel som viste seg å vere eit slags fjortis-land. Harajuku må vere ein kvar pedofil sitt paradis, med jenter i sjølverklært Lolita-stil overalt. Men for alle oss andre så er det crepes-boder på annakvart hjørne. Etterpå leita vi forgjeves etter noko sjokkerande i Tokyos Red Light District og snudde til slutt nasa heimover. Utrulig deilig å komme tilbake til hotellrommet, koke te, høyre på spotify og hoppe i jacuzzien.
Og forresten: vi har vore saman i eitt år idag! -> utropstegn på rett plass :)

champagne

No comments: