Idag følte vi oss slik på restaurant. Vi dro til ein anbefalt tempura-restaurant i Ginza-området og ante uråd då servitøren blei småsvett då han skjønte at vi ikkje kunne snakke japansk. Det vi fekk servert var kjempegodt, men ikkje heilt den mengda vi hadde tenkt oss (heller ca ein forrett på deling). Etter nokre forsøk på å bestille fleire rettar, endte vi opp med å ete oss mette på ris + ei skål med den beste misosuppa eg nokon gang har smakt. På vegen heim ikveld fekk vi sjå eindel ukorrekt drita japanerar. Businessfolk går rett frå jobb, via ein plass der dei hamstrar alkohol, og setter seg i parken, under dei kirsebærblomstrande trea. Kveldens mest drita: 50åting som prøvde å holde seg i balanse ved å henge over paraplyen sin, og som sovna momentant idet han fekk satt seg ned på metroen.
Imorgon blir det miljøforandring. Vi skal ta shikansen til Kyoto, og har fått plass på den sida av toget der ein har utsikt til Mount Fuji! Men imellomtida skal vi nyte eit bra hotellrom for siste gang på lenge, sjå på cnn, koke te, sitte i vinduskarmen og sjå på utsikta. Kun 4 heile dagar igjen :'(
No comments:
Post a Comment