Friday, April 9

Kvardagsliv

På tirsdag flaug vi heim frå Tokyo. Nippon Airlines var tusen gangar bedre enn Lufthansa, i alle fall med tanke på underholdningstilbudet. Eg såg 3 filmar (!) og dermed var den 12 timar lange flyturen over på 1-2-3. Først "It's Complicated", som var sånn passe, deretter "New York, I Love You" som eg likte litt bedre og til slutt "Ps. I Love You". Då var eg blitt såpass overtrøtt og lettrørt at eg grein ein time i strekk.

No er det kvardagsliv igjen. Skulking, lesing, trening, klesvask og eit fullt kjøleskap. Og døgnrytmen er fin, i alle fall min. Daniel dupper av fra klokka åtte, sovner med ansiktet mot ryggen min og klarer knapt å holde augene åpne når eg vekker han. Men det er litt digg å legge seg tidleg. Og enda diggare: idag er det sol!

1 comment:

Anonymous said...

I love you!