
Det føltes som den første fine dagen i år. Min definisjon av fin dag: så varmt at eg ikkje treng hanskar, lue og skjerf, så fredfult og deilig at det ikkje gjer noko å måtte gå på butikken før klokka ti på ein lørdag morgon for å kjøpe kaffi. Og så fint at ein kan sitte på verandaen, drikke øl og bli solbrent.

Ein del av mitt nytt-og-bedre-liv-prosjekt. Tran blir aldri digg, men kanskje det kan bli litt mindre ekkelt etterkvart

Daniel laga middag til meg idag. Heimelaga burgerar med masse guacammmmole

Alt det elektriske på badet streikar samme dag som vi bestemmer oss for oppussingsdato. Divine intervention?
Urk. Språkvask tar tid! Og sjølv om det stort sett er litt kos å få det til, så gjer det at eg må forsømme andre ting. Som å trene, rydde og lese pensum.
Sånn utenom språkvaskvanskar så har veka vore fin. Sol sol sol + veranda veranda veranda = <3
Og førsteutkastet til semesteroppgåva mi blei ikkje slakta!
Dagens kulaste, bortsett frå eplepai på jobb: ei reportasje på 60 minutes om "snus-use". Leslie Stahl uttalte "snus" sånn ca tusen gangar i løpet av reportasjen og det var like småmorsomt kvar gang.
No comments:
Post a Comment