Tuesday, July 2

What's the world got in store

Den nydelige Wilco-låta har eg vore avhengig av dei siste dagane, og eg har hørt på den mange gangar på vei til og frå kino. Det er nemlig filmfestival i München denne veka, og sidan eg nesten har sommarferie no, har eg kjøpt gullkort til meg og sølvkort til Daniel - tilsaman 16 kinobillettar. Siden Daniel har semesterinnspurt, samtidig som han forøvrig er sjuk, har eg stort sett gått på kino aleine. Litt skummelt å komme heim til Pasing etter at siste bussen har gått og måtte gå eller ta taxi heim aleine med skumle scener frå filmen eg nettopp såg surrande rundt i hodet.
Sålangt har eg sett fire filmar: meksikanske "Heli", amerikanske "Stuck in Love", engelske "Everyday", og "Harms", ein tyske gangsterfilmen frå München - som var den mest skuffande av filmane sålangt. Ikveld skal eg sjå ein filipinsk film som heiter "Thy Womb" og deretter amerikanske "Yellow". 
S-bahnestasjonen i Pasing i solnedgang, på veg til kino
Fontenen ved Universität, på veg heim frå kino



Sidan sist har vi også vore på ein liten utflukt til Garmisch-Partenkirchen

Først lunch og min nye favoritt: Rhabarberschorle

 Deretter bar det opp til skistadion og stien vidare
 ...til Partnachklamm. 
 Veldig dramatisk gorge - som er enda meir dramatisk, og skummel, om vinteren, når det heng lange istappar ned overalt. 

 Etterpå gjekk vi opp på ein åskam med litt tåkete utsikt mot det vi trur er Zugspitze
 Viktig å holde blodsukkeret oppe.
På veg ned tok vi ein snarvei, og fekk samtidig bekrefta at Daniel har eindel meir høgdeskrekk enn meg, og at eg kan vere litt bøllete i taubanevogn. 

No comments: