Sunday, July 7

Tårerekord

Filmfest München er over, og eg har satt ny personlig grinerekord til ein film, i alle fall no i mitt voksne liv ("Black Beauty" som 12-åring tel ikkje heilt lenger).

 Denne filmen, den japanske "Like Father Like Son", forårsaka tårerekorden. Eg grein til og med minst like mykje morgonen etter, når eg skulle forklare Daniel kva som skjer i filmen.


Ellers har eg sett 11 andre filmar, nokre bra, nokre dårlige og mesteparten midt i mellom. Den einaste andre eg likte godt var "What Maisie Knew" - mykje på grunn av Aleksander Skarsgaard, men også fordi historia var så fin og trist. Og "Der blinde Fleck", om konspirasjonsteoriar rundt Oktoberfest-bombeattentatet, var også bra.

No er det plutselig berre nokre få dagar att i München, på kvar si side av ei vekes ferie i Austerrike med Mamma, før vi flyr heim til home sweet home, Fuglehauggata, oppvaskmaskin, tv, dobbeltseng, dusj, parkett, veranda, stille naboar, stort og tomt (men ikkje for lenge) kjøleskap, Frognerparken og etterkvart oppussing. Can't hardly wait.

No comments: