Friday, August 2

Back for Good

Vi er endelig tilbake i Oslo for godt! Riktignok skal vi bort nokre gangar i løpet av hausten, men stort sett kun på helgeturar eller haustferie, og ingenting i nærleiken av eit år til i utlandet. Bryllupsreisa til Lofoten var nok siste lange ferie sammen på ei god stund, så vi prøvde å nyte det til det fulle. Det var ikkje så vanskelig:

 Det var nemlig så fint vær som her på bildet nesten samtlige dagar!
 Vatnet var dog iskaldt, så dette var så langt uti som nokon av oss gjekk
 Utsikt frå haugen over huset vårt
 Lunchpause i Sakrisøy med tørrfisk-utsikt
 Å, ja - i Å brukte vi tre bryllupsgåver samtidig: to par solbriller og ein Lofoten genser
 Typisk Oslo gutt på veg opp på eit fjell - joggesko, jeans og hendene i lomma.
 Er det bryllupsreise så er det bryllupsreise

 Men på toppen var det tåke
 Ein av to dagar utan sol, her litt old school-scenery i Henningsvær
 Og Daniel kjempar med ei old school-regnjakke heime i huset. Vi har foresten ikkje dokumentert det som kanskje prega vår tid i huset aller mest denne veka, nemlig Pin-up. Mellom oss fortærte vi 30 is på 8 dagar. Not bad/very bad.
 Men neste dag var det fint igjen, så vi gjorde eit nytt forsøk på fjelltur, denne gang utan tåke på toppen.



Sånn var utsikta frå toppen. OK+

 Sauene der oppe lot seg ikkje affisere av turistar, vind eller utsikt.

Og no tilbake i leiligheten er dette ca det einaste som står att i stova, og sultefora på tv-kanalar og internett som eg har vore, blir det litt multitasking.....eller vegging, som nok er ein bedre beskrivelse.

Men om mindre enn ei veke er stua forhåpentligvis heilt ferdig og klar til å brukast ikkje berre til å sløve framfor skjerm, men kanskje invitere på middag og sitte rundt spisebordet. Og uansett kor raskt eller sakte oppussinga går: det er utrulig deilig å vere heime igjen!

No comments: