Sunday, October 6

Høstferieblues

Har nettopp hatt ei vekes høstferie, og føler meg langtifrå klar for å gå tilbake på jobb. Heldigvis er mandag vekas roligaste arbeidsdag, så eg får ein grei start. Men det er likevel altfor lenge til juleferie.
Såpass lenge at det fristar å bli gjenstand for ein slikt nabovarsel:


Men skal prøve å holde meg, i alle fall til litt uti November. I år skal vi nemlig arrangere jul her heime for første gang, med heile den utvida familien Oltedal (Oltedal, Løken Oltedal og Kvalem Oltedal).

Jul blir derfor også siste frist for å ha ferdigstilt oppussing i leiligheten. Planen er at stua etterkvart skal ha ca denne planløysinga, inklusiv bibliotek:



Og eit av dei siste tilskota til stua var denne sjenken

(ferdigmontert av Daniel i rekordfart)

Og soverommet er takka vere den samme Daniel snart ferdigmalt i den fargen eg alltid har drømt om å ha på soverommet.

I mellomtida har eg ein god unnskyldning for å vere mest tilskuer til maling og montering, kroppen min er nemlig i full gang med å transformere seg frå dette:

 til noko slikt:
Kryssar fingrane for litt mindre strekkmerker og ingen tatovering.
Og ei velskapt lita jente i ca midten av februar.

No comments: