Saturday, November 16

Saturday Night Live

Eg har nettopp gjort noko så spennande som å handle på Rimi i beste vorspiel-tid. Det var meg og ein gammal mann inne på butikken, vi to som ikkje har noko bedre å gjere klokka 22.30 enn å sjå etter gode mandariner og prøve å ikkje skli på det nyvaska butikkgolvet. 
Ikkje at eg ikkje har ting å gjere på ein lørdagskveld. Istedenfor å dra på 30årsdag i Bærum eller nevø-besøk på Ullern, sit eg heller heime ved spisebordet og prøver å pløye gjennom to bunkar med tyskstilar. Det er ikkje verdas lystigaste lesing, særlig når ein les sitat som dette i ein av dei første stilane i bunken: 





Elles har dei siste vekene og helgane gått i eitt. Helgetur til Jæren for å besøke bestemor, helgetur til Bergen og BIFF (og Atla og Linn & Lars), ny bursdagsfeiringshelg i Bergen (med fantastisk utsikt frå eit fantastisk slitent rom i 9. Etasje av Hotel Norge) og ellers.... tja. Ei bursdagsfeiringshelg i Oslo også innimellom - med superduperdigg middag på Brasserie France, og ein ny kindle, familiebursdag med Johannes sin første latter, Afternoon Tea a la lazy hostess og mitt livs første (men forhåpentligvis ikkje siste) superdigge teppe: 


og mange andre fine ting. No gjenstår berre den andre o'store dagen i November, nemlig bursdagen til Ingvild, og så er det straks på tide med julemusikk, kakebaking, leilighetspynting og alle førebuingar til vår første jul som julearrangørar. 


1 comment:

Guro said...

åååh vi GLEDER oss til jul hos Hanna og Daniel med heile røkla!!:):)