Sunday, January 12

Christmas moved on

Det er gått nokre veker sidan jul, og sjølv om det framleis er litt pepperkakehus-ruinar igjen (utplukka for nonstop), så er resten av jula pakka ned og Xmas-lista på Spotify må vente i elleve månader på å bli spelt av igjen.

Men jula i år var veldig koselig på tross/grunn av det fullpakka programmet med mange familie og venneselskap. 9 samankomstar på 7 dagar er likevel kanskje litt i meste laget, og det var derfor deilig å ha ei veldig rolig nyttårsfeiring i år. 

 Apropos rolig feiring - takka vere Mamma slapp eg veldig billig unna på kjøkkenet, særlig på julafta. Mitt einaste solobidrag var moltekrem, resten sto mamma for.
 Johannes er fornøgd med den nye stolen sin, og med onkel Andreas.
 Digging in.
 Mamma med eit overfyllt juletre i bakgrunnen.
 Johannes har sansen for Madagascar - den spanske versjonen av Madagascar.
 På første juledag var vi på besøk hos Rannveig på Gjettum.
 Boys will be boys.
 And bellies will be bellies.
 Endelig kom Pappa, rett frå bussen til bestefartilværelsen.
 Andre dag hadde vi julefrukost hos oss.
 Og eg gjekk inn for å bli enda bedre kjent med den nydelige nevøen min.
 På kvelden var vi i familieselskap hos Audgunn og John på Bærums Verk. Og slik gjekk igrunnen dagane. Koselig familietid, juleselskap, (altfor masse) god mat, babyhygge og absolutt ingen skulejobbing, eller dårlig samvittighet over manglande skulejobbing - retta meg nemlig ferdig med alt som skulle rettast før jul, og har no heilt rettefrie veker fram til permisjonen startar.

Nyttårsafta var som nevnt veldig rolig. Rolig og romantisk - er første, og sansynligvis siste gang vi får muligheten til å feire nyttårsaften for to.
 Helga etter var Daniel og eg invitert på lunch hos Tuva, og lite visste vi kva som venta oss der.
Der var nemlig Johannes
 og eit veldig overraskande babyshower!
Utrulig koselig å bli møtt av så mange venninner (sjølv om eg kanskje ikkje ser heilt over the moon ut her, så var eg det).

Her er forresten eit lite knippe nyttårsforsett:
- bytte ut pepperkaker og julemarsipan med meir frukt og grønt. Og cheezdoodles kun på lørdag.
- Lese fleire bøker enn ifjor (litt ambisiøst med tanke på at eg hadde eit til dels avslappa vårsemester i München og i løpet av fjoråret rakk å lese 30 bøker, men hey - kanskje mammaperm blir ein fin sjanse til å lese masse? Eller kanskje ikkje....)
- Fortsette å vere flink til å spare
- Reise og oppleve så mykje lar seg gjere som nybakt mamma
- Gå mange turar, komme igang med trening igjen ein gang i mars kanskje
- Bli meir ryddig (same procedure as every year)
- Oppdatere bloggen litt oftare enn eg har gjort i haust (vekene frå permisjonen startar og fram til fødsel blir det gjerne tid til slikt - diverre har eg sansynligvis ikkje så mykje å skrive om når eg kun går heime og ventar, men men). 

No comments: