Friday, January 31

Halsbrann

Etter ein måneds tid uten kom halsbrannen tilbake denne veka med fornya styrke. Sålangt har eg tenkt at halsbrann - piece of cake, kor ille kan det bli? Men no har eg endelig krøpe til korset og handla inn dette:



Men på tirsdag hadde eg meir å stri med enn halsbrann. Då fekk eg nemlig omgangssjuke, for første gang sidan barneskulen. Blandinga av høggravid, omggangssjuke og halsbrann viste seg å vere litt i meste laget, og babyen virka og å vere litt i stuss rundt kva som skjedde. Men heldigvis var Daniel heime heile dagen og var super støtte/sjukepleiar/innkjøpar/skålskyllar/pute-fort-monterar. Han klarte blant anna å handle inn det meste av det eg trudde eg skulle orke å få i meg. Riskaker og cola har sålangt vore dei mest nyttige tinga på lista.



Uansett. Alt som er igjen av uvelheten er altså halsbrannen, og eg mistenker at den kjem til å bli verande fram til fødselen. Apropos fødsel, var på ein liten shoppingtur igår og kom over nokre søte ting eg fekk lyst til å handle inn til barnerommet:



Ellers går dagane med til å sove, sløve, tenke på å rydde og lure på kor rede-bygging-instinktet blir av, tenke på å bake men ikkje ha matlyst nok til å gjennomføre noko bakeprosjekt, på tross av nye kokebøker som desse:

 Her er det søte eg har vore mest hekta på sålangt i graviditeten: jordbær/bringebærgele med bær i. Ikkje altfor usunt egentlig
 bortsett frå at eg pleier å ha meir vaniljesaus på enn det er plass til i dette glaset.
Ellers går ventetida litt med til å undrast på korleis babyen blir. Sendte denne illustrasjonen til Lar, og han rekna seg fram til at dersom vi får ein son, så får han 100% sikkert brune auger, mens ei datter har 50% sjanse for blå. Så då er det berre å smøre seg med tolmodighet og halde fram med dei diverse småprosjekta eg har her heime, som å lese i denne:


Men ikveld skal Daniel og eg på Veronica Maggio konsert, håper babyen liker det.

No comments: