Kun 39 dagar til vi flyr heim! Heilt sjukt at året snart er over. Men no som det framleis er litt tid igjen, prøver vi å nyte dagane her. Særlig dei dagane det er fint ver, slik som på torsdag.
Då dro vi på romantisk date i sola i Olympiapark. Det blei ikkje like romantisk som vi hadde tenkt oss då det ikkje gjekk an å leige båt, men ganske digg å ligge på graset og følge med på hundane som leika i og rundt vatnet (den søtaste: ein leiken Corgi)
Deretter dro vi på Burger House og åt Münchens beste burgerar (med vilt usunne, men digge cheese fries).
Forrige helg var vi forresten ein lyntur heime i Norge (om vi finn kabelen til kameraet vi hadde med oss, kjem det kanskje nokre bilder frå Bergens-bryllupet). Daniel irriterte seg over kor mange tyske aviser eg plukka med meg - frå Terminal 2 her i München, som kanskje er verdens diggaste terminal. Gratis aviser, gratis drikke, og alt ein kan ønske seg av digge designbutikkar og Jo Malone.
Denne helga var mindre edruelig enn den forrige, og vi fekk lov til å crashe ein gentleman-kveld i ein annan studentheim. Her poserer Daniel med ei sjokolade, kastanje og karamell-kake.
Alltid kjekt å sjå korleis det ser ut på andre studentkjøkken. Apropos kjøkken - igår hadde vi Stockwerksessen på kjøkkenet mitt, og merker at eg enten har blitt veldig mykje meir voksen på eit halvt år, eller så var det forrige Stockwerkessenet berre mykje bedre. At det forrige gang endte med at politiet kom indikerer kanskje at det var ein bedre fest, kanskje.
Og sjølv om det er 39 dagar igjen til vi flyr heim, er det kun 3 dagar til Eivind og Ingvild flyr hit!




No comments:
Post a Comment