Friday, May 31

In medias weddings

Idag har vi vore gift i tre veker. Ganske vilt, både kor fort tida har gått og kor koselig det er å vere gift. Det som kunne gjort det enda koseligare var om veret i München var finare og om Daniel hadde mindre å gjere på skulen.

 Her tar Daniel ein etterlengta pause i skulejobbing for å bli med på søndagsmiddag hos Marta og Alex, i regn a la høstdag i Bergen.
 Plutselig fann vi eit ganske treffande sitat frå nokon vi kjenner i kalenderen vi fekk frå Silja og Olin. Litt av eit motto for Valentines Day forresten.
 Heldigvis har det ikkje vore berre dårlig ver, men den eine dagen med fint ver tilbrakte eg på jobb - denne gangen som Science teacher. Men fekk tid til å ete matpakka mi på enga bak skulen.
 Administrasjonen er den finaste delen av skulen, men bak den fine fasaden skjuler det seg ei leiing som  vel ikkje kan kallast fin. Uansett. Er ikkje sikkert det blir så mykje meir vikariering, sidan det snart er sommarferie. Det eg kanskje kjem til å drive med av (litt) lønnsomt arbeid er norskkurs på folkeuniversitetet, eit for nybegynnerar og eit for vidarekomne.
 Idag har eg fiksa alt som fiksast må før vi flyr heim i ettermiddag (bortsett frå å finne passa våre - ah, der fann eg dei også).
Som lønn for strevet unna eg meg sjølv ein Quarktasche. Det beste tyske bakverket (i alle fall sidan Faschings-Vanillekrapfen). 

No: Bergen neste!


No comments: