Thursday, April 28

Smakløs

Eg har mista smakssansen. Den har vore vekke i snart fem dagar, tenk om den aldri kjem tilbake? Må google det for å avkrefte/forsterke paranoiaen min. Hm... Kanskje eg har pådratt meg malaria i New York? Vi var jo ein dag i Brooklyn... :P

Ellers har eg gått ein liten fjelltur idag, det var utrulig deilig å merke at eg klarer å presse meg opp bratte bakkar, heilt til toppen der det framleis er snø, og nydelig utsikt. Og så var det den oppgåva. Føler eg har komt godt igang her oppe, har retta eindel på innleiinga, arbeider med eit siste utkast til kapittel tre no, og trur det skal gå greit å få gjort masse kvar dag. Det må gå greit, for det er kun sånn eg kan bli ferdig på normert tid. Imårra er det ein måned til masteren skal vere levert, og litt under det til den skal i trykken. Grøss

No comments: