Igårkveld var eg ute ein liten tur med Ingvild, Ane og Mariann. Vi dro på Bjørungs og menga oss med ein blanding av harry og klysete folk. For min del konsumerte eg kveldens tredje alkoholeining (ein Irish Coffee etter ein 0.33 boks ølboks og eit glas musserande). Og forkjølelsen eg tok med meg heim frå New York var fortrengt med ein DayQuil-kapsel og litt nasespray. Og jet-lag merka eg ikkje så mykje til. Men etterkvert som klokka nærma seg to blei det meir og meir varmt og klamt inne på Bjørungs. Plutselig kjenner eg meg kvalm og svimmel og prøver å bevege meg mot utgangen og så....
...våkner eg opp 30 sekund seinare liggande på golvet mens Mariann held beina mine høgt, og ein ukjent blond sjukepleier gnir ein isbit rundt i ansiktet mitt. Crazy. Heldigvis hadde eg på meg svarte strømpebukser og truser, og eg var med trygge venninner (dog på ein litt utrygg uteplass). Det er første gang eg besvimer sånn midt i ei menneskemengde. Må bli flinkare til å drikke vatn.
Uansett. Ellers har heimkomsten frå New York vore prega av husmorliv. For første gang pakka eg heilt ut av kofferten samme dag som eg kom heim(!). Og eg fulgte opp Ingvild sitt forsiktige hint om å vaske kjøleskapet: Squeaky clean!
Og ellers går tida med til å dagdrømme om sommaren 2013, bla i bladet eg fekk frå Ingvild og Ane, og sjå på ringen eg fekk av Daniel. Som eg skal byrje å gå med så snart vi får utvida den så eg får den på meg. Og då er eg forlova for real.


No comments:
Post a Comment