
Det er deilig søndagsmorgon. Kaldt ute, varmt inne, gå i pysj heile formiddagen, sjå på tv, lese bok og dagdrøyme. Har vore ute på Grünerløkka dei siste to kveldane. Begge gangar har vi gått frå veldig harry til mindre harry uteplassar. Den mest harry var Naboen, ein plass med delvis kul musikk men ganske utelukkande ukult klientell. På fredag dansa ein 55åring rundt med paraply til "It's raining men" og ei skabbete dame gjekk rundt med holete strømpebukser, boblejakke(kanskje utan noko anna under), sekk og ein stk drita full mann. Igår endte ferden på Ryes, ein plass som kanskje kan bli stamplass? Elles har helga vore fin, med Ida i Oslo. <3
No comments:
Post a Comment