Det snødde i Oslo på lørdag. Og det var ikkje så koselig som på dette biletetPå lørdag sto eg ute i vind, snø og sur kulde i over 30 minutt og venta på trikken. Då den kom hadde eg endeleg byrja å gå heim, og blei nesten overkjørt av ein bil i det eg la på sprang over gata for å rekke trikken. Trur ikkje eg har vore så forfrossen og ute av meg før. Rosinen i pølsa var at dei ikkje hadde marshmallows i butikken. Tanken på å gå utan kakao med marshmallow i var nesten nok til at eg la meg ned på golvet i butikken og gråt. Som barn av Golfstrømmen er eg ikkje forberedt på den kjipaste delen av Oslo-vinteren, og blei dermed transportert tilbake til trassalderen.
1 comment:
"because my hard is yours"
Post a Comment