Thursday, March 23

Amputert


Nok ein dag på biblioteket. Norsk historie, Hambro og Quisling, eple og vatn, lange pausar, mange menneske. Men noko er annleis. Eg manglar mobiltelefon.
Liker ikkje å tenke på meg sjølv som avhengig, på ein fjortismåte ihvertfall. Men merkar no at eg blir stressa. Skulle sagt ifra til folk om kva som skjer i ettermiddag og så ikveld. Kanskje ringer dei heime? Eg har ikkje eingang mulighet for å spørre om eg kan stikke bort og hente telefonen der eg trur eg gløymte den.
Det er skummelt å merke kor avhengig eg er av å være tilgjengelig.
Og så er det samtidig litt deilig. At ingen kan få tak i meg. At eg er heilt fri.
Men så blir eg stressa igjen.

Ikveld trur eg det blir fagfest. Eller. Fagfest blir det uansett. Eg trur at eg skal på den. Veit ikkje heilt kor lyst eg har, men det føles obligatorisk.

Idag tror eg Lambchop albumet "Nixon" er det som best definerer korleis eg føler meg. I den grad eet album kan gjere det. Det er uansett fint.

1 comment:

herregud said...

Kvelden blir knall! Uansett kor obligatorisk det blir å ha det gøy. IIiiha.