Friday, November 3

Collapse the Light into Earth

Ikkje at Bergen er identisk med jølster, men himmelen var ca slik igårkveld. Ann Kristin er flink til å ta bilder :)


Denne tilstanden skal for all del unngås på søndag morning.

Må vere noko av det finaste ein kan høyre på på veg heim frå skulen, ein tidleg vinterkveld. Denne veka har vore langt frå så produktiv som den skulle vore. Dei neste vekene(det er jo berre to igjen til innlevering av historieoppgave) må bli annleis. Ingen filmar, lite sosialisering. Lange dagar og kveldar framfor datamaskina og microsoft word.

Idag skal eg vere litt flink. Lese og planlegge skriving. Rydde rommet kanskje? Ta buss til Tertnes og gå på badmintontrening, kjøpe inn festingrediensar og sånn. Gler meg så sinnsjukt til imorgon og overimorgon. Eg er som ein femåring på veslejulafta.

No comments: