Friday, November 10

Grønsåpelukt

Plutseleg var det mi vaskeveke. Kanskje ikkje heilt plutseleg; er over ein månad sidan sist. Rydding, støvsuging og vasking virker så uoverkommeleg før eg går i gang. Heldigvis er det overkommeleg. Eg er ferdig, kjøkkengolvet er reint, vått og forhåpentlegvis fritt for ølsøl.

Noko eg derimot ikkje er ferdig med, er oppgåveskriving. Idag er det ei veke att til endeleg innlevering av bacheloroppgåva. Eg er ikkje stressa, samstundes som stressmangelen stressar meg.

Gladsaker:
  • Har funne att dvdkontrollen. Den var borte i over ein månad, og eg fann den innerst mot veggen, bak bokhylla.
  • Fann dei blåkvite joggeskoa mine over dvdkontrollen. Dei same skoa som eg har fått Martin til å endevende huset heime etter. My bad.
  • Det trådlause nettverket funkar fett.

Kjipe ting:

  • Har måtta seie nei til både trønder(karsk og pølse-)fest + ein laurdagsfest. Fordi eg skal vere flink jente.
  • Må snart betale 3000 kr i linsepengar.

Midt i mellom-ting:

  • Tanken på å flytte.

Ny yndlingslåt:

Andrew Bird - A Nervous Tic Motion of the Head to the Left

1 comment:

herregud said...

serri? E flytting så mye tenkt på at du offentliggjør det på bloggen din? Ikke flytt. Æ lika at du bor der. Tenk på alt du må bær ned de 5 egt. Eksamen imårra :O