Denne veka har vi hatt Atla på besøk. Dermed var vi litt turistar i egen by
Her er vi inne i bakgården på Neues Rathaus for første gang.
Og her på vindusshopping i Fünf Höfe
Her på ein interiør og alt mulig-butikk
Daniel fann til og med hatt i sin størrelse
Deretter lunch på stamplassen når vi har besøk - Zum Alten Markt, og dunkel Weissbier.
Men sidan dei hadde gått tom for Apfelstrudel, kryssa vi Viktualienmarkt og tok ein slags dessert på Victorian Tea House
søskena bestilte scones med jam og clotted cream
mens eg blei servert eit uanstendig stort stykke sjokoladeterte (som heldigvis ikkje blei ete opp)
Søte søsken
Og München viste seg litt frå si beste side.
Sidan Daniel var sjuk dro han heim mens Atla og eg dro til Haus der Kunst for å gå på Apartheid-utstilling. Mitt første, men absolutt ikkje siste besøk her. Kjøpte meg liksågreit klippekort.
Og utanfor, i starten på Englischer Garten, fekk eg endelig sett surferar.
Fornøgd med å kun vere tilskodarar i kulden.
På kvelden blei det skikkelig nostalgisk kveldsmat - godt brød, brunost, te osv.
Skålar med det begrensa kopp-utvalet frå felleskjøkkenet.
På onsdag var Daniel enda sjukare, så eg og Atla dro inn til Alte Pinakothek, og medan ho gjekk rundt i museet hang eg i kafeen med ipad og yndlingsdrikka mi.
Og plutselig var Atla sine dagar her over - akkurat når Daniel byrjar å bli litt bedre. Men det var koselig så lenge besøket varte :)
Igår fekk eg og Marta endelig tid til ein ettermiddagsdate, så vi testa ut ein knøttliten cupcake-cafe.
...og på veg bortover til Marienplatz vart vi med på ein slags påskeegg-jakt, og fekk kvar vår påske-skål frå Schrannenhalle. Og ellers har eg handla litt meir kle, og har endelig stort sett alt eg treng til våren - den tyske lønnskontoen er litt slunken, men det er snart lønningsdag.









No comments:
Post a Comment