Eg leverte masteroppgåva mi til trykking tirsdag kveld. Imårra skal eg hente ni trykte eksemplar og levere fire av dei til instituttet.
Det føles heilt uvirkelig å ha levert, og eg tar meg sjølv i å ikkje vere like initiativrik og flink som eg hadde tenkt å vere, i kjølvatnet av masterinnleveringa.
Det har vore mest kvardagsliv.
Årets første (og forhåpentligvis siste) påskeegg. Luna er minst like keen som Daniel.
Ein hund etter sjokolade
og kos.
Inspirert av artikkelen i A-Magasinet lagde eg folkelig(ketchup), billig(fiskekaker) og sunn(grønsaker) mat. Mamma skammar seg sikkert på mine vegne.
Guro, Ben, Kirsten, Rannveig og Tuva kom på vaffelfeiring.
Tuva & Luna
Trygt!
Men igår blei det eit lite avbrekk frå kvardagslivet. Tuva og Rannveig inviterte meg på middag hos Tuva, og då eg kom fram var det ikkje berre middag men overraskelsesfest med ballongar! Veldig, veldig koselig, deilig mat, selskap, drikke og alt.
...men kvelden slutta veldig ukoselig og ganske dramatisk på Parkteateret. Rannveig slo seg, og eg følte meg heilt ubrukelig som berre sto og såg på. Heldigvis var Kenneth i nærheten, og dei ansatte på Parkteateret var nokre hakk hyggeligare enn dei som jobba på Bjørungs.
Ikveld blir det bursdag! Martin fyller 24, og eg har funne det perfekte bursdagskortet.
No comments:
Post a Comment