Monday, July 14

Mandagskveld i Mandal

Kom plutseleg på at eg har denne sida. Eller hadde, langt tilbake i steinalderen. Rart å lese kor mykje yngre eg var for nokre år sidan.

Sommarferien min har vore rolig, bedagelig, koselig,(litt) kjedelig, varm, grå, våt og (altfor) avholds. Har sett mange fine filmar (Blue Velvet, The Omen, Carrie, Vertigo, Short Cuts). Forrige helg var vi hos mine eldgamle besteforeldre. Der drakk vi Tou Eplemost, såg ut i den forvokste hagen og titta i fotoalbum. Likte spesielt det albumet barnebarna laga til bestefars nittiårsdag. Alle hadde skrive ned nokre minne om bestefar. Mine bar preg av ungdomsskulenovellespråk, full av skildringar og på klingande nynorsk. Martin sine minne var dei beste; dei likna på mine ved at dei tok for seg buksesele-draing og fysisk smerte, men i motsetning til mine var dei artige. Han skreiv ting som at "Det var alltid koselig å høre Bestefar fortelle om korleis det var å vekse opp i middelalderen".

Imorgon er ein ny og bedre dag. Eg skal sykle :)

1 comment:

Anonymous said...

Martin er morsom!!!