Sunday, July 27

Sykling, sol og sveler

Det er varmt på vestlandet. Svette folk kjem innom museet og vil drikke brus og kaffi og ete vafler og rømmegraut. Igår kom ein slik mann inn i kafeen. Ein stor, tilsynelatande sterk og ganske svett mann. Han kjøpte kaffi, men fekk ikkje opp kaffikanna. Han spurte meg om å forsøke. Eg forsøkte og fekk den etterkvart opp. Han vart imponert og utbrøt:
Du er jo sterk som en gaffeltruck!

Ellers er det koselig å vere heime. Eg køyrer ein søt liten yaris, høyrer på lydbøker, syklar til jobb, heng med Silja (idag bada vi til og med i Jølstravatnet. Eg for første gang i sommar, ho for tredje gang idag), nyter Andreas sitt selskap, "prøvesmakar" rømmegraut og grue-gler meg til Oslo.

No comments: