Monday, December 8

Bergen Babystyle

Frida og eg flaug til Bergen på fredag, og sjølv om Frida er eindel meir krevjande no enn ho var ved forrige flytur, så sov ho seg stort sett gjennom flyturen og var ganske grei både på Gardermoen og Flesland. I Bergen venta Linn på oss på Bystasjonen, og vi besøkte ho, Lars og Sveinung. 

På lørdag trilla vi ned til sentrum og gjekk for det økonomiske alternativet til Akvariet: 

Og deretter økonomisk lunsj 


På søstrene Hagelins. Frida sov seg gjennom begge deler etter ei bøllete natt, og våkna rett før vi trilla vidare. 


Heldigvis sov ho bedre natt nummer to og møtte meg med dette morgonfriske ansiktet


Prøvde seg på tegning/tegnestiftsmaking

Og ellers var tida i Bergen koselig, men ganske sentrert rundt babyar, babymat og framfor alt: babysøvn, eller mangelen på denne. 

Idag henta pappa oss og vi kjørte nordover 
Tok ferja over Sognefjorden og Frida åt ein smoothie og nokre hirseskruer....

Som på eit eller anna tidspunkt i løpet av den siste timen i bil kom opp igjen og dekka kinn og cardigan. Følte meg som ein verdig mottaker av ein Darwin-style parenting award då eg løfta ho ut av bilen her heime og oppdaga oppkastet. 

Men


All's well that ends in Duplo. 

No comments: