Tuesday, March 27

Skye Blue Skye

Ah. Wilco på øyret, sol, kiwi og blåbærjuice med isbitar i.
Bergen har vore heilt fantastisk i det siste. Eg er i gang med eit nytt og (litt) bedre liv.
Diverre gjeld ikkje dette skulearbeid. Har ikkje gjort noko med engelskoppgåva som skal inn imorgon. Istaden har eg jobba og sagt Ja til enda meir jobbing ved ein vidaregåande skule. Eg var der idag. Første gang eg underviser på vgsnivå. Ein tredjeklasse, i historie. Det var så kjekkt! Sjølv om det var ein påbyggingsklasse, berykta som verstingsklasse og full av umotiverte guttar og jenter. Fascisme, Nazisme og WW2.

.....og snart påske.....

No comments: