Igår var årets store grinedag.
Den begynte ved at eg klarte å holde meg, utanfor hfbygget saman med Ann-Kristin. Men berre så vidt. Eg stakk fort heim for å snufse og grine på skuldrene til Øystein og Ingvild. Fordi eg hadde sjekka sensuren på bacheloroppgava mi.
Utover dagen greide eg å summe meg, le og tenke (litt) positivt. At sensor og veileder vil at eg skal vise mest mogleg av kunnskapane mine på munnleg, at karakteren var sterk og kunne vippast opp.
Utanfor eksamenslokalet sa veilederen min akkurat det. At dei var i tvil og gjerne ville gi meg ein karakter høgare. Dermed var det med visse forhåpningar at eg entra eksamensrommet.
Herregud. Eg har aldri hatt ein så kjip eksamen og sensor. Aldri i livet. Påstandar om at eg mangla problemstilling, at eg ikkje hadde nevnt hierarkiet mellom befolkingsgrupper (sjølv om eg hadde det, berre ikke akkurat der han såg og...)blablabla.
Alt som kunne gå galt gjekk galt. Eg visste ikkje kva eg skulle seie til tinga han klaga på; det virka som om han ikkje hadde lese så nøye. Og når veileder stilte spørsmål som eg svarte bra på, så var det likevel ikkje bra nok for den jævla fuckings kuksensoren.
Etterpå låg eg ein time på senga og i telefonen og grein. Men etterkvart kom eg meg. Litt morsomt at ein C får meg til å grine sånn. Det er barn i verda som døyr av svolt, hunden min held på å bli døvblind, det regnar og Siv Jensen er på tv, men likevel er den ein KARAKTER eg grin av. Gresk wraps-middag hos Ida & Ole sørga for ein opptur. Muppet-versjonen av Ebenezer Scrooge (med Michael Caine) med Øystein likeså. Dagens tredje augevæting kom på slutten av den filmen. Jeeez. Snakk om sentimental.
Idag er alt så mykje bedre. Og eg har ferie :D
7 comments:
Ferdig er du iallefall, og jul blir det!
Og kanskje ein dag sees me plutselig igjen, 4 menningen min :)
Hmm. Nå ble jeg nesten litt sint her. Spørsmålet er : Må sesnor hetses?
-ja, det tror jeg jammen han må.
jo....
Skal klages ihvertfall.
Dessuten dagdrømmer jeg om at han dør en lang og smertefull død. Snarest.
Jeg begynner å komme i julestemning. :-P
hallo i luken! Korsn e det å vær hjemme? HÆHÆ! Det skal regn i Bergen ut året visstnok. Her oppe e det snø og æ har fått lånt mæ en hund :D
Oppdatering ønskes.
Gratulerer med å være ferdig! og god jul:)
We all cry...
Post a Comment