Saturday, December 2

Oh! Sweet Nuthin'

Etter ei veke med rimeleg intens lesing er eg ferdig med eksamen. Semesteret og eksamensperioden er riktignok ikkje heilt over, ettersom eg har munnleg eksamen ca 12 desember, men det er så lenge til.

Dagane i Sogndal var ganske fine, ca som på biletet under. Lesing, te, forkjølelse, jazz, kos, rødvin og stress.




Etter eksamen blei det enda finare. Roadtrip med Øystein og Knut i ein bil så stappfull at den knapt egna seg for to. Etter litt stressing rundt i stengt-gate-helvete, fann vi vegen til Bergens beste kebab, som desverre ligg såpass langt frå sjølve Bergen at den sjelden kan nytast (øhm, Gravdal). Deretter kjørte vi videre på jakt etter eit kjøpesenter å oppdage, og valet fall på Oasen(dvs, vi havna tilfeldigvis der).
Ein time seinare kjørte eg og Ida til Tertnes for å spele badminton. Genialt å køyre bil dit, istadenfor å stresse med buss, regn og kulde. Vi var litt dårlige og litt flinke, og stakk på Ikea etterpå. Eg kom heim med ein stor, full pose, sjølv om eg egentlig ikkje skulle ha noko....

Å vere ferdig med eksamenshelvete er det beste som finst. Ca like bra som enkelte Velvet Underground-sangar.

2 comments:

Anonymous said...

halla! du kommer imårra kl to sant? ta med pepperkakepynt, og en julefilm?

Anonymous said...

Velvet Underground... Dette må jeg grave i når jeg kommer hjem. Veldig greit band å name-cheche (hvordan i hulen skriver man egentlig det ordet?). Vaught by the hype? Bare tuller. Fikk du foresten E-mailen min?