Ifjor på denne tida satt eg med kapittel to av masteren, og nærlas den nestsiste novella i Unaccustomed Earth, "Year's End". Den handlar om ein juleferie med familiekonfliktar, som ender i at sonen skjeller ut dei nye stesøstrene sine, stikk av og tilbringer romjula og starten av det nye året aleine på barar og motell oppover austkysten av USA. Det å skrive masteroppgåve kjennest veldig langt borte, men novellene kjenner eg framleis ut og inn. Skulle ønske eg hadde tid til å lese dei på nytt no, men eg bør heller gå igang med denne bunken:
Sålangt har eg berre lese ut Julius Caesar, og er nesten ferdig med den tynnaste poesi-boka. No er eg byrja på Emma av Jane Austen, og sjølv om den er koselig nok så går det sakte framover. Og no er det kun nokre veker til eg skal møte dei andre seminarlederane og kunne snakke om bøkene! Men det skal nok gå, ei side om gangen, og ein litteratur-podcast om gangen. Dessuten kan det hende eg blir nødt til å ringe Mamma for å få hjelp til å tolke litt her og der. Ho flaug heim idag tidlig, og vi saknar ho alle tre, særlig Luna.
Men ja. Tilbake til Emma på kindle på senga.
No comments:
Post a Comment