Tuesday, March 24

Unntakstilstand

Vi har snart vore heime i to veker med begge barna og heimekontor. Dagane går litt inn i kvarandre, samtidig som undervisningstimeplanen skal følgast. Heldigvis har det vore fint ver, men det er vanskelig for Magnus å forstå at han no ikkje kan leike med alle nabobarna og i alle fall ikkje besøke nokon heime.

Det har vore solbrillever:


Og variert og stort sett god lunch og middag, her ein instagram-vennlig vegetarmiddag (i tillegg kom linser med fennikel, løk og ein overdose safran - Magnus hadde plutseleg helt resten av safranglaset i gryta):


Og dei store prosjekta for barna er:

  • bleieslutt for Magnus (går ganske bra) og 
  • at Frida skal lære å sykle (endelig!)



No comments: