Thursday, September 29

The Night Of

Daniel og eg har vore hekta på denne serien på HBO i det siste. Skikkelig feel bad tv. Eg reparerer med Veep og feel good/klein reality som Gift ved første blikk, Jakten på kjærligheten og Fødselsavdelingen. Sistnevnte gjer meg rørt, litt vemodig og veldig letta over alt som har gått bra og er overstått. Deilig å sjå det vel vitande om at eg ikkje sjal gjennom det igjen.

Men det er veldig koselig med ein 10 veker gammal baby. 
Som framleis har godt sovehjerte
Liker seg i armkroken
Her sov han seg gjennom store deler av Tuva sin babyshower førre helg.
Våkna bli og fornøgd mot slutten av selskapet
Han smiler stadig meir
Og er framleis ganske lik Frida
Frida er ein entusiastisk hjelper på kjøkkenet (særleg når det gjeld å slikke deig- og rørerestar....som mor så datter) 

Dagens trifle var ein stor hit

Elles har vi hatt koselig spontanbesøk av MJ, G-Lo og Johs (eller Marte, Gujo og Hansen som Frida liker å kalle dei).
Familiens eldste og yngste søskenbarn <3

Ellers har vi feira Ingela sin 60årsdag idag (etter eit iMovie-skippertak dei siste dagane for å gjere klar bursdagsgave) og snart er det siste heile Oslohelg på nokre veker. Og starten på hausten. 

No comments: