Friday, May 26

Back to basics

Etter lange timar på buss og på jobb og korte timar i bil er eg heime.Kan ikkje seie at det følest heilt optimalt, sånn foreløpig. Skal vel ein del til for at det skal kunne følest optimalt nokon sinne. Det er ikkje kjempekjipt, berre litt kjedelig. Eg er slapp og rastlaus og kjedar meg. Kjem sikkert til å komme med liknande stemningsrapportar gjennom heile ferien i Naustdal. Feriens høgdepunkt blir dei vekene eg er bortreist.

Merka forresten veldig at eg var komen til landet då eg satt på ferja over Sognefjorden igårkveld. Den eine mannen meir harry enn den andre. For å illustrere. Den eine/første hadde på seg mellomblå, godt brukte, men ikkje på ein kul måte, dongeribukser(eg er sikker på at han også bruker det ordet). På overkroppen; jakke i same stoff og farge. I rest my case. Den andre steig ut av bilen sin ca eitt minutt etter at eg hadde fulgt den første med blikket medan han leita etter toalett på dekket. Den andre var kledd i svart. Svart genser, svarte jeans som var trange, men ikkje på ein kul måte, og schtøgge, kvite joggesko. Eg kan for enkelhetens skyld kalle den første Ronni(han såg ut som ein litt beskjeden, lovlydig(!) Ronny, som trur at adidas er tøfft, men akkurat litt for tøft for seg sjølv), medan eg vel å døype den andre Dan-Børge. Av åpenbare grunnar(eg tenker mest på håret igrunn, derso mdet ikkje er åpenbart. Har ein snikande anelse om at det ikkje er det). Kor i helvete er det kameraet når eg treng det?!

Men av positive nyheter; fekk ein ny sjekk frå tantene mine. 250£ Kjem damn godt med den neste månaden. Dessuten er det sol her. Herlig sol. Naustdal er grønt, og sjølv om det er mange mørkegrå skyer på himmelen, kan ein sjå det blå langt der oppe, og sollyset lyser(logisk nok) og varmer godt.

1 comment:

herregud said...

takk for en fantastisk dag, snuppa :) Nu har æ lodd og sett for mæ den blinde mannen så mange ganga at æ lura på om det hele va en hallusinasjon. Hoho. Veldig morsomt med villmannskjøring i Bergens urskog.
Håpa du e kommet dæ vel hjem.
(glad i dæ. (æ e ikke full) ) :)