Monday, May 15

Eksamensstund har gull i munn

It's that time of year again.
Har vore ganske rolig, lite stressa i heile dag. Følt at eg ikkje har noko meir å lese på, og at eg ikkje gidd repetere dei keisame tinga eg har lest. Men så les eg tidlegare gitte eksamensoppgåver, merker at shit. Hadde eg fått dei oppgåvene, ville eg hatt problem. For å roe meg forsikrer eg meg om at dei same oppgåvene ikkje blir gitt to år på rad, så dermed er eg trygg for dei.

...men no merker eg at det er så uendeleg mykje eg ikkje er sikker på. Hovudsakleg innan norsk historie. Eg hatar den dela av historia. Skulle ønske eg kunne velge det bort.

Anyway. Blir bra å få utdelt eksamensarket imårra, sjå på oppgåvene, bestemme meg for kva og korleis eg skal skrive, komme igang, ta pause, levere inn og gå ut i den herlige mailufta.
I slike augenblinkar vil eg høgst truleg sette ekstra stor pris på at eg ikkje har pollen(eller nokon annan)allergi. Og så vors med mange bra gjestar på kvelden. Det blir kos.

No comments: