Ah. Då er det overstått. Eksamen på tirsdag, fest den kvelden, tidleg frukost, tog og sosialt samkome på nasjonaldagen. Alt har gått kjempefort, sansynlegvis fordi det stort sett har vore usansynleg kjekt.
Eksamen i nyare historie gjekk ganske så bra. Skreiv om den norske skipsfarta rundt 1850, demokratiseringa i 1884, vanskelege tilhøve i dei nye industribyane på 1800 talet og til slutt; ei samanlikning mellom den andre verdskrigen og den kalde krigen + nokre av den kalde krigens konsekvensar på verdssamfunnet i etterkrigstida. Puh. Ikkje ein gang kyllingmannen gjorde meg ukonsentrert. Det einaste var ein liten halvtime som gjekk med til dagdrømming og påfølgande stress i eitt-tida. Men var ganske koseleg dagdrøyming, så dermed er det vel greit.
Festen var skikkeleg koseleg. Mange kom, deriblant mange kvalitetsfolk(til dømes Ida, Ole&Ole, Even, Halvor, Tove, Ann-Kristin, Kristen osv). Merka diverre også at enkelte gamle og/eller litt perifere vennar som eg har lite kontakt med, ikkje nødvendigvis er kvalitative innslag i min sfære. Aj, det vart teit. Men kan kanskje berre seie det slik at det ikkje er tilfeldig kven eg tilbringer mindre tid med enn andre.
Onsdag morgon var brutal. Etter 3-4 timers søvn ringte vekkerklokka, utan sympati for fyllasjuke, kvalme og trøtte meg. Etter litt sjangling mellom seng og bad, gjerne med ei bøtte i armane og håret forsøksvis ikkje i kontakt med andletet, kom eg meg bort til Ida og Ole. Kjipt å vere så dårleg, men etter litt cola, pittelitt frukost og tid tilbrakt så stilleliggande som mogleg på soverommet deira var eg fit for fight. Eller, i alle fall fit for fun (aka 17maitoget).
Rare bergensarar som ikkje tør svare "hipp hipp" med "hurra". Har fått litt digga på
-hipp hipp;
-Hurra!
Ikveld er eg litt småkvalm, veldig mett og lukkeleg. Årsakene til denne tilstanden er å finne i godt selskap(sjølv om dei har gått no), Alan Partridge, Kaker(sjokolade, gulerot og pære), pølser(Den herlige, religiøse knekk-lyden) og generell 17.maistemning. Kan ikkje hugse sist eg åt så mykje. Men som det vart sagt til Ida(det var eg som sa det): Det er ikkje som om ein et så mykje kver dag i året(la oss håpe). 17mai kun ein gang kvart år osv.
No comments:
Post a Comment